Fin artikkel av
Bjørn Hansen i Dagsavisen, men den manglar eit viktig poeng, og
etter mi meining det viktigaste:
Klimaalibiet
for å bruke 'biodrivstoff'
held ikkje vatn, fordi
1) Det er berre
ein sort CO2
2) Meir brenning gir større CO2-produksjon, ikkje mindre.
Dersom
det er viktig å redusere CO2-utslepp, så
må vi redusere
brenning av hydrokarbon; av ved, kol, olje, gass, etanol og
biodiesel. Dette er ikkje komplisert. Men det er ulønnsomt, kan
til og med virke deflatorisk. Derfor er det uinteressant, kanskje
til og med farleg, for økonomiske interesser.
At energikrisa
gjer at vi kanskje må brenne meir ’fersk’ ved, er ei anna sak. Men
vi treng ikkje sløse bort energi på å lage sprit eller olje av
veden.