"Statoil
har sopt 3 pst. av dette under teppet, omtrent slik vi for et par
generasjoner siden trodde at vi var kvitt dritten bare vi lempet
den i havet. Ute av syne, ute av sinn. Det er ikke et spørsmål
om CO2 vil lekke ut av deponiene. Det er utelukkende et
spørsmål om tidsperspektiv"
Sitat frå ODs faktahefte 2006 s 93:
" Gass og kondensat frå Sleipner
Vest blir prossessert på Sleipner T, og CO2 blir fjerna frå
gassen. Prosessert gass frå Sleipner Vest blir injisert i
Tyformasjonen i Sleipner Øst. Gass som ikke blir injisert, går til
Sleipner A for vidare eksport. CO2 blir injisert i
Utsiraformasjonen via ein eigen injeksjonsbrønn frå Sleipner
A. .."
Om eg har forstått dette rett så
er CO2-en på Sleipner ikkje noko forbrenningsprodukt, men ein del
av brønnstraumen. Kor mykje slik gass som blir produsert og
separert frå olje- og gassfelt på verdensbasis har ikkje vore noko
tema i klimadebatten. Som tala frå Sleipner viser er det lite i
forholdd til forbrenningsproduktet.
---
Kommentar
frå oljekrisa.no
Det er rett som Fylling her skriv, at det på Sleipner handlar om å
skilje ut CO2 frå brønnstraumen, og ikkje om å reinse avgassen frå
kraftverk. Statoil gjer dette av økonomiske grunnar, då det ville
ha blitt dyrare å betale avgiftene for å sleppe ut tilsvarande gassmengder.
I den grad det i det heile teke er
rett og mogleg å kategorisere molbuverksemd, er "pre-combustion"
utskiljing truleg den "minst vanvittige" måten å gjere det på.
Beste helsing Jan Herdal